MOVE – Eit forskingsprosjekt om ungdom og mobilitet i Europa
Dette blogginnlegget er skrive av Irina Pavlova, høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet og forskar ved den norske MOVE-gruppa.
Ungdom kryssar landegrensene i Europa av ulike årsaker og kanskje du som les dette har budd i utlandet eller ønskjer å gjere det ein gong i framtida. I så fall er du ikkje åleine. Internasjonalisering i utdanning, til dømes, har hatt stor merksemd i Noreg. Siste tal frå Senter for internasjonalisering av utdanning – SIU viser at i perioden 2007-2017 har 233,860 norske ungdommar (elever, lærlingar og studentar) vore på utdanningsopphald i utlandet, medan 260,034 internasjonale ungdommar har hatt utdanningsopphald i Noreg. Til saman utgjer dette kring ein halv million ungdommar som har vore mobile dei siste 10 åra, berre i utdanningssamanheng til og frå Noreg!
EØS-avtalen gir unge nordmenn dei same rettane som anna europeisk ungdom frå EU-land når det gjelder rett til å ta arbeid, studere og bu i andre land i Europa. Juridisk sett, stiller vi likt når det gjeld høve til å krysse landegrensene og vere mobile i Europa. I praksis, ser ein likevel at ungdommen sin sosioøkonomiske bakgrunn og geografiske plassering spelar ei viktig rolle i kva moglegheiter dei faktisk får til å reise ut.
Forskarar frå seks europeiske land (Luxembourg, Noreg, Romania, Spania, Tyskland og Ungarn) har i tre år jobba med mobil ungdom i alder 18-29 år, med eit overordna mål om å betre situasjonen for ungdom som ønskjer å krysse landegrensene for å finne jobb, læreplass, studere, drive frivillig arbeid eller starte forretningar. MOVE-prosjektet nærmar seg slutt og den norske forskargruppa vil gjerne dele nokre av hovudresultat frå prosjektet med lesarane av UngInfo til inspirasjon og kunnskap om ungdomsmobilitet.
Den norske forskargruppa i MOVE består av prosjektleiar Jan Skrobanek og forskarar Tuba Ardic, Irina Pavlova og Roger Hestholm. Den 21. februar 2018 arrangerte forskarane og Instituttet for samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) dagskonferanse om ungdomsmobiliet. Over 50 deltakarar tok del i arrangementet, og Campus Sogndal fekk besøk frå regionale, nasjonale og internasjonale gjestar. Fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre, pro-rektor ved HVL Bjørg Kristin Selvik og EUs ambassadør til Norge, Thierry Béchet, held opningstalar i samband med konferansen. 7.-9. mars 2018 haldt MOVE prosjektet sin avslutningskonferanse i Luxembourg. I tre dagar har deltakarane (forskarar, studentar, politikarar, ungdomsarbeidarar og andre interesserte som arbeidet med eller for ungdom) utveksla erfaringar om ungdom, internasjonalisering og mobilitet.
Sjølv om prosjektet er i sin sluttfase no, vil forskarane halde fram med mobilitetsforsking blant ungdom, mellom anna ved å etablere forskargruppa Internasjonal Mobilitet Noreg (IMN).
Er du interessert i ungdomsmobilitet i Noreg og Europa, kan du følgje oss vidare på vår heimeside eller på Twitter via @IM_Norge. Sjå gjerne videoen frå prosjektet her: http://move-project.eu/clip
MOVE has received funding from the European Union’s Horizon 2020 research and innovation programme under grant agreement No 649263.